BAH: Dykk er alle på bærtur.
I 2003 laga Ronald D Moore ein miniserie basert på den orginale Battlestar Galactica SERIEN frå 1978-1983 (Ikkje på noko film som VG og NRK skriv.)
Minien var ein så overraskande stor suksess at Scifi Channel som laga den spurte Moore om ikkje han kunne lage ein syndikert serie utor idéen sin. Han tok med seg Mr David Eick og dei skreiv plotet for ein 13 episodars sesong, ein oppfølgar til minien.
Då oppfølgaren også viste seg å vere suksess, bestillte Scifi seg for å hente inn Sky one på laget for å auke budsjettet, og kontraktfesta MINST 2 sesongar til. SÅ Dersom du ser minien på NRk no så ser du ting i den rekkefølga du skal sjå dei, og den er ikkje noko samandrag av Battlestar Galactica (2005) som er kallenavnet på den fortsetjande serien som går på Scifi Channel. Minien er altså ein sjølvstendig historie.
NRK har forøvrig kjøpt inn heile sesong 1, og om den er suksess for dei, så vil dei nok sikkert kjøpe s2 og 3 også. men alt til sin tid.
No seier eg berre FRYD EDER, til dykk som ikkje har sett dette geniale romeposet. Det er ein av dei deisdert beste seriane eg nokonsinne har sett, og eg gledar meg som ein unge til s 3 byrjar om 4 veker
Stian- Scifi nerd.