Gledar meg som ein tulling til å sjå filmen i romjula, men eg syns enkelte tar litt av med Jackson-tilbedinga si.
Dei gamle "tullefilmane" hans er dritbra og gjorde han til ein tidlig favoritt.
Med LOTR har han gjort ein god jobb med casting (Bortsett frå ubrukelige Frodo - Sjå, eg har berre eit annsiktsuttrykk..., og molefonkne Legolas.).
Det verkelege minuset er at han har prøvd å gjere ei bok som berre appelerer til ein brøkdel av oss, til ein film som alle skal lika. LOTR bøkene er fulle av utanomsnakk, bihistoriar og ufatteleg masse info som egentlig ikkje er relevant for hovedhistorien. Men det er samtidig DET som gjer boka så bra. Du føler verkeleg at det er ei levande verd du opplever, og der er få forfattarar utanfor SCFI og Fantasy sjangrane som leverer slikt arbeid. NÅr han klipper vekk alt utanomsnakk, sitter vi att med ein veldig god eventyrfilm, (for all del, filmane i seg sjølv er kjempe), men ein heller dårleg "adaptation". Den einaste overgangen frå bok til film som er vorte meire oppskrytt, må vere Kubrick sin "The Shining".
LOTR hadde sansynligvis funka mykje betre som miniserie, der ein hadde betre tid til å få med alle bihistoriane. HBO beviste med Carinvale at det går fint an å bruke 100mrd dollar på 1 enkelt sesong med tv
. Eller sjå på Spielbergs "Taken".
Men kritikken til tross, Jackson har ennå til gode å lage ein dårleg film og eg gler meg enormt til "Kong".