av Snarf » tir 01.03.2005 22:39
Det er ein idiotisk trend i hollywood mht Marvel -filmar.
I frykt for at skurkane skal oppfattast som svart/kvite, så må dei alle vere gode på bunnen osv svada. Men dette er Stan "The Man Lee på sitt beste. mannen skapte mangen kule teikneseriar i sin ungdom, der skurkane verkeleg var pur ondskap. Men han endrar heile tida på mytologien, byrjar på ny og skriv om seriane frå bunnen av kvart 5 år. Planen er sikkert å lokke til seg nye lesarar, men han msiter interessa til alle som har fulgt med ei stund. Resultatet er uber resirkulerte blad, og filmlisensar som er passeleg moralske og barnevennlege til at dei alle passerer under 12 årsgrensa. Figurar som er så enkle og forutsigbare at heile konseptet faller i fisk. Spiderman 2 var betre enn den første, men at Doc Ock plutseleg er god på bunnen er utruleg unødvendig. Som om Sauron hadde lagt seg på kne og bedt om unnskyldning og Frodo aldri hadde måtte kasta ringen i Dommedags Juv. (Offtopic:legg merke til at Elijah Wood går igjennom 3 filmar på nesten 12 timar med EIT EINASTE FORSKREMT annsiktsuttryk heile tida. Den dårligaste skodespelaren i heile trilogien...)
I spiderman 3 kjem vi sikkert til å få sjå endå meire rot med mytologi, endå meire touchy feely konfliktløysing og anna svada.
Sjå også etter Punisher (rett på video), Fantastic Four, HULK (DET var drittfilm det. takket være Stan lee sin totalrenovering av HULK mytologien... sukk)
Electra, kanskje ein andre daredevil film, x-men 3 osv.
No bablar eg i veg, beklagar. men det er fælt å vere gammal trufast marvel-fan og sjå kva den j..elen gjer med gamle favorittar.
Nei takke seg heller til bryan Singer sine Superman 3 og 4 (2006...?)