Hehe.. *Fyrer av ein rpg frå inni eit helikopter..*
Der har du b-film : )
Ein tidlaus klassikar, men dog ein b-film
Har ein filosofi om at B-filmane (og gjerne C også) er dei som virkelig er "Verdt å kjøpe".
Ein "A-film" som f.eks MAtrix, lotr, Troya, Gladiator osv, er ikkje så veldig imponerande i film samlinga di, ettersom "ALLE" vil kjøpe den. Alle videosjapper har den, alle nettbutikkar, og alle du kjenner mest sansynleg. Filmen vil alltid vere tilgjengelig.
Ein b eller c- film derimot. Lavare etterspørsel = færre videosjapper o.l tek den inn, ingen kjøper den og den blir mao veldig vanskelig å få tak i etter eit par år. Sånne filmar er det kult å ha i filmsamlinga si. Når folk utbryt: "I helvete!! har du KJØPT denne? Den e jo dritdårlig... Men det er jo ei stund sidan eg såg den, og den er jo så dårlig at det er artig... Kan eg låne den..?" (har eg opplevd mange gongar : ) Då er det litt kult med b-filmar i samlinga. Utbrudd som: "Kva er dette for noko rart noko? E den bra? Kan eg låne den?", er også vanlige..
Du vil nestan ALDRI høyre: "WOW!!! Har du The Matrix/Snatch på dvd? E den bra? Kan eg låne den?"
Så vi skal ikkje kimse tå B-filmane. Dei har like god underhaldningsverdi som toppfilmane.