Såg det var nokon som skreiv at Dire Straits var nesten køntri... Dire Straits er vel heller "NU-Rock N Roll".. : ) Mark Knopfler er uansett eit geni. Han e nok ikkje den teknisk mest dyktige gitaristen, men allsidigheten hans er uovertruffen og han passerer lett den oppskrytte Clapton.
(Personleg syns eg at Jimmy Page er tidenes beste gitarist, men det avhenger jo litt av kva du likar... mange die-hard fans som meinar at Kirk hammet er sjefen, dei om det. : ) (Men dette var ingen tråd om gitaristar.. )
Sjølv brukar eg ca 25% av all tida mi på noko musikkrelatert. (Alt frå å spele i studio til å diskutere softsynthar på mac1.no : )
Spelar i 2 band aktivt og eit par små sideprosjekt meire som ei venneteneste.
Spelar gitar, munnspel, piano, jobbar no med trommesettet.
Veldig glad i ny og gammal Rock: (Led Zeppelin er det desidert beste bandet ever.. ellers e U2 ein tilbakevennande favoritt, anbefalar òg alle å sjekke ut Remy Zero (Dei spelar blant anna theme-låten til smallville...)) ,Metall: (Amorphis er kanskje blant favorittane der), Elektronika: (Kraftverk, røyksopp ELSKAR AIR OG DAFT PUNK.. ), Men høyrer også gjerne på populærmusikk dersom det er bra gjennomført og godt produsert.
Veldig glad i klassisk musikk og opera, (har ein bestefar som har samla nærare 200 cd`ar med klassisk musikk, rippar HEFTIG av dei inni iTunes.. : )
ER i tillegg veldig kult å finne klassiske stykke som kanskje ikkje er så kjennte i vennekretsen, for så spele ein rocka Les Paul tolkning av verket.
Olcschool rap/hiphop av typen lite banning, masse gode poengar i tekstane (run/dmc) (har ingen prob med banning, men når 50 av sangteksten vert sensurert av ztv, så veit du at denne songaren har ikkje mykkje viktig å formidle.. (eller for å sitère Will Smith; "You try writing a single verse, without a curse..."- ehh something like that:
Tekno og dens avartar, (KLF, Man With No Name, tilogmed litt ibiza-trance type Corsten og tiesto.: )
Gode filmar som du MÅ sjå grunna musikken:
Kevin & Perry Go Large (dødsmorosam, og ein lett introduksjon til trance. likar du ikkje trance, sjå filmen alikevell, har aldri sett så mange menneske gråte av latter i ein kinosal...)
Interstella 5555 (DAFT PUNK!!! DAFT PUNK!!! DAFT PUNK!!!!)
hmm.. Det er vel egentlig lettare å skrive kva musikk ein IKKJE likar, enn vka ein likar i slike trådar?
- Før ville eg svara country, og nyare hiphop/gangstarap. men etter å ha spelt gta SA og svitsja mellom country stasjonen og radio los santos, er tilogmed desse stilartane blitt velkomne i heimen. Fikk "Louisiana Woman/Missisippi Man" på hjernen etter at eg runda GTA:SA : )
Men nok no.