Brodit (brodit.se) førar eit bredt utval av bilholdarar og spesifiserar om dei er laga for å passe med/utan bumper o.l. Brodit sel berre til forhandlarar men meinar mange forhandlarar for bilutstyr kan bestilla opp.
Ser og at mobiservice.no har nettbutikk med haldarar frå brodit. Hugs at du i tillegg vil trenga deira proclip/festebrakett (står greitt forklart på brodit sine nettsider).
Eg må presisera at eg ikkje har erfaringar med brodit sjølv, men har sett mange her på forumet anbefala dei (eg vurderte lenge å gå til innkjøp av ein).
I bilen no har eg forøvrig den her frå Clas Olsson:
http://www.clasohlson.no/Product/Produc ... =164695922 (4/4S-modellen). Eg har ikkje bumper på min 4S no men ventar på ein frå dealextreme (forøvrig mengdevis med bilholdarar der og..) så eg kan svara meir på om denne passar med bumper når den kjem. Han passa ihvertfall ok til min 1.gen iPhone (med litt tøying) som jo bygger ein del meir enn 4/4S.
Mvh John Arne