av dhk » søn 06.07.2008 22:26
Poden gjek i bakken ein gong for mykje for ei stund sidan. Har kjøpt ny, men den gamle ligg liksom så ubekvemt i skuffen sin. Det er synd å pensjonere ein ellers fin iPod tenker eg.
Så eg har kontakta dr.iPod, men han er ikkje vidare entusiastisk. Harddiskane er vanskelege å få tak i i Norge, seier han, med fleire vekers bestillingstid. Han har sagt seg villig til å skifte disk for meg, viss eg skaffar disken sjølv.
Så da er spørsmålet: kor får eg tak i ein slik? Kva diskar er kompatible? Eg veit at det er ein Toshiba-disk som er der originalt. Men sidan den var ny, har jo kapasiteten på den tynnaste disken (som er i min iPod) auka til 80GB. Er det nokon her som kan gi meg ei lenke til rett type disk?
OS'et på min nye er også oppdatert i forhold til den gamle (cover flow, etc). Vil dette fungere på 5.5gen-poden med ny harddisk?