Beklager at du tok den opp personleg, eg meinte i alle dei trådane som har dukka opp det siste døgnet rundt denne telefonen, der veldig mange meinar å vita veldig mykje om eit produkt ein kun har sett på ein stream av ein prototyp. Men Apple har nok tenkt ut desse tinga på førehand når dei gjev namnet iPhone til dette produktet.
Det er nok VELDIG mykje me ikkje veit rundt dette produktet, og fordi om me har høyrt gjennom media at iPhone er varemerka hos Cisco, så treng det jo nøvendigvis ikkje vera slik. Poenget er at desse produkta er lansert med så kort mellomrom, at det kan godt hende at Apple er i sin fulle rett. Dette vil jo kun ettertida vise og alt me kan sei her på forumet er ukvalifisert gjetning.
Men når verdas rikaste gubbar (Beatles) kan dra Apple for retten for ein idiotisk tolkning av ein gamal avtale, så kan vel kanskje Cisco òg. Poenget er at det er vel dei som kan koma med meir kvalifiserte gjetningar enn oss i potittland, før me kjem med bastante påstandar